Non Stop Rock’n’Roll – Firdaposten [no]
WIG WAM - «Non Stop Rock'n Roll»
1 / 6
Eg funderte litt på kvifor denne gjengen held på med dette enno, på si tredje studioplate høyrast dei ut som dei har gjort på dei føregåande. Og no merkar eg at blir uvel av å høyre på dette her. Gruppa som gjerne ser på seg sjølve som ein institusjon innan den norske rockescena, på glamrockavdelinga. Og dei er sikkert dødsens seriøse på det dei driv med, det høyrest i alle fall sånn ut. Det skal dei ha.
Gutane med bakgrunn frå Dream Police, Sha-Boom og Ole Evenrude og som vinnarar av den Norske Melodi Grand Prix-finalen i 2005 har ikkje tidlegare levert bidrag av verdi. Dei oppheld seg i den verste puddelrocken frå 80-talet (å kalle dette glamrock er elles ei fornærming mot sjangeren, spør du meg) og leverer sjølvsagt heller ikkje denne gongen noko av varig verdi. At vokalisten har fått ein av hovudrollene i det forskrekkelege Korslaget på TV2 seier eigentleg meir om det enn om gruppa.
Her får vi låtar med spørsmål om eg har lyst til å smake DET (nei, takk), vegger som kjem ned, om ville personar, at vi skal bli med alle saman (eg blir her, trur eg), mannen i månen, at vokalisten framleis brenn, alt eg ønskja meg (pøh, akkurat som han veit det), rock'n roll som aldri sluttar, frå her (powerballade, plukk fram lighterane og tenn på denne plata), rakett gjennom hjartet (på vokalisten, altså) og om å jage regnbogar. Sistnemnde er like fornuftig som å tru at du finn noko av verdi på denne plata.
Trur ikkje det blir verre i år, nei.
Firdaposten, 27.01.2010
www.firdaposten.no







