norwegian english japanese

Wig Wamania – Firdaposten [no]

2 / 6 - Å, den som var 12 år igjen! Då hadde ein kanskje klart å setje pris på denne plata.
Problemet er bare det at eg ikkje trur at denne plata er laga for 12-åringar i utgangspunktet. Wig Wam har laga seg ei karriere på meir eller mindre aparte show i Melodi Grand Prix og har prøvd å framstå som ekte rockarar med eit overspel som langt overgår den dårlegaste russerevy.

Sia førre gong høyrest det som om dei har funne ut at The Darkness kan vere ein grei gruppe å kopiere, i tillegg til Bon Jovi, Europe og Van Halen. For det er det dette er, ein dårleg kopi av ting som i utgangspunktet, i mine øyrer i kvartfall, var ein dårleg ide.

Men det læt feitt, det skal dei ha!

www.firdaposten.no
<< Tilbake